UNDER STJERNONE



pastedGraphic
OLAV H. HAUGE


EPLE OG DIKT
Frå Ulvik i Hardanger kom ein av dei største norske lyrikarane i etterkrigstida:
Gartnaren, epledyrkaren, diktaren og omsetjaren Olav H. Hauge (1908-1994).
Heile livet var Hauge busett på garden Rossvoll, i naturen og landskapet som også kjem til syne i diktninga hans.

Gjennom den omfattande interessa for litteratur skaffa Hauge seg tidleg kunnskap om verdspoesi og språk. Denne utsikta som på same tid sameinar lokal forankring med eit internasjonalt blikk; gjer han til ein lyrikar av stort format.

Ifølgje dagboknotatane skreiv Hauge sitt første dikt alt som 12-åring. ”Eg kom nett inn frå kjøken, det var kaldare der. Då eg kom inn, hugsar eg det fauk ein fugl imot ruta, og pikka på henne. Han kom or snjofoket, og vilde gjerne inn – i alle fall tykte eg det. Då laga eg mitt fyrste dikt – um fuglen som kom og pikka på ruta og vilde inn.” Likevel skulle det gå mange år før han 38 år gamal debuterte med diktsamlinga ”Glør i oska” i 1946.

I alt har Hauge utgjeve sju diktsamlingar, og markerer med desse ein veg frå den meir tradisjonsbundne lyrikken mot eit klårt modernistisk uttrykk. Orienteringa mot eit nytt formspråk synes i samlinga ”På Ørnetuva” frå 1961, men det er med ”Dropar i Austavind” fra 1966 at Hauge for alvor tek steget fram som modernist og får ein sentral plass som inspirasjon for seinare generasjonar av norske lyrikarar.

Ikkje berre opnar Olav H. Hauge for ei nær verd, med si eiga diktning. Han er også ein viktig formidlar av ei vidare verd – gjennom omsetjingsarbeid av engelsk, tysk og fransk poesi; bl.a. av Mallarmé, Rimbaud, Celan og Brecht.

I dagboknotatane møter vi han i kvardagen og det daglege strevet, og som diktar. Heile 70 år er samla i eit 5 bindsverk, utgive av Det Norske Samlaget i 2000.

”Eg er berre ein gartnar, det er dei andre som kallar meg forfattar.”

Bøkene er tilgjengelege frå Det norske Samlaget